October 8, 2008

Me trudde verdi var her til for oss

Dette skriv Olav H. Hauge i eitt av sine mange dikt. Grunnen til at det er overskrifta på dette blogginnlegget er denne lenka her:

Verda

Den viser verda i høve til sola akkurat nå, slik at det viser kor det er natt og dag. Ganske tøft.

October 2, 2008

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Forkjølelse er en mild virusinfeksjon i nesen og halsen. Vanlige symptomer er nysing, snufsing, tett nese, kløende eller sår hals, hoste, hodepine, og trøtthet. Forkjølelser varer som regel 3-5 dager, men hosten kan vare opp til tre uker.

September 28, 2008

Er det mulig?

Er det verkelig mulig?! Me lever då unnskyld meg i 2008! Det burde ikkje vore lov! Tenk så respektlaust av dei pårørande, at nokon kan få seg til å seie noko slikt. Det gjer meg verkeleg opprørt at det finst menneske som tenkjer slik ennå.

Har me ikkje, i 2008, kome lenger enn at hudfargen, som blir bestemt av ein fem-seks gener, skal avgjere kven som skal halde ein gudsteneste? Eg bare spør.

September 27, 2008

Busskultur

Eg las ein fantastisk kronikk i Suldalsposten her om dagen, og tykte den var ufattelig god! Den skildra sers godt den serprega busskulturen som finn stad, som likevel gjerne er så løynd at utenforståande ikkje forstår kva som skjer. Eitt av hovudpunkta var om koss mange ikkje forstår at dobbelseter gjerne er lagde for at det skal vere mulig for to personar å sitje der. Det pågår ofte ein løynd kamp, der dei som er seine på bussen ofte står heller enn å sette seg ved sida av nokon, då den som sit der svært tydelig symboliserer (gjerne med ein sekk på nabosetet) at han ikkje ønskjer at nokon skal sitje der.

Dessuten finn eg det sers morosamt å sjå kor lite kommunikasjon som finst på bussen. Ja, det er sant at me ikkje kjenner kvarandre, men me sit no ein gong på sida av kvarandre, så korfor skulle me ikkje seie hei og hadet til kvarandre? Eg er ikkje betre sjølv, men skulle ein ha prøvd seg på eit høflig hei kunne ein vore sikker på at det einaste ein ville fått som respons ville vore eitt rart blikk. Kva er gale med deg, er du ikkje normal?

Plasseringa på bussen har òg mykje å seie. Dei som sit heilt bakarst går yrkesfag (om dei har kome så langt), helst TIP, elektro eller bygg, har snus under leppa og ei cola i handa. Dessuten breiar dei seg skikkelig ut. Dei fem setene husar to stykk, kanskje tri på det meste. Meir er det kje plass til. Eller?

I løpet av snart eitt og eitt halvt år med busspendling lærer ein eitkvart om denne utrulige kulturen, som utenforståande ikkje forstår. Forstår du den?

September 27, 2008

Bare ein…

…liten digresjon.

Eg er ein vinglepetter av rang, og bloggen min har derfor gjennomgått endå eitt nytt navneskifte. Dei tidlegare navna har eg ikkje vore heilt nøgde med, men no trur eg at eg har truffe innartiaren. For dei innarforståtte; det er ikkje til å kome bort i frå at navnet har henta inspirasjon frå ein viss, genial naturfagslærar.

September 26, 2008

Fjellreven

23 fjellrevvalpar er døydd ut, melder VG på veven. At desse flotte dyra skal døy ut er tragisk. Det må gjerast mykje for at arten skal bestå i Norge, og det må gjerast før det er for seint!

September 20, 2008

Meininga med livet

Kva er meininga med livet?

Det mest eksistensielle spørsmålet som finst. Er det ei meining med dette utrulege greiene?

September 18, 2008

Igjen

Endå ein gong. Bensinprisane er visstnok høge, meiner NAF. Tull, meiner eg. Bensinprisane kan halde fram med å stige; folk har råd til det. Dessutan meiner forskarar at bensinprisen må aukast ytterlegare for at folk skal sette frå seg bilen og reise kollektivt eller ta beina/trøene fatt. Nok ein god grunn til at bensinprisen bør stige. For ein gongs skuld tykkjer eg Statoil gjer noko bra ved å ikkje sette ned prisane.

- Ja, men me har ikkje råd til bensinen lenger, seier du kanskje. Då seier eg: Reis kollektivt, lag køyrefellesskap om fleire pendlar, sykla, gå; muligheitene er mange. Og tenk over det: Dersom me i Norge skulle hatt same forhold mellom inntekt og bensinprisar som i Latvia, ville me betalt 50 kr literen for bensin. Me har det betre enn me trur.

September 17, 2008

Global oppvarming

Eg legg her ut eit utdrag av ein tekst eg skreiv på VG1 om global oppvarming. Ikkje akkurat eit litterært meisterverk, men litt å tenkje over er det.

At det dei siste åra har vore ei tydeleg global oppvarming, og at menneska er med på å påverke den, er forskarar stort sett samde om. Bør ein ikkje prøve å stoppe denne globale oppvarminga?

Ein skal ha isolert seg ganske godt for ikkje å ha fått med seg at det skjer endringar i klimaet. Ein ting er det me her i Norge får servert i media kvar dag. Noko anna er det folk i andre land bokstaveleg talt får kjenne på kroppen. Tundraen i Sibir er i ferd med å smelte, og enorme flaumar og syklonar herjar verda i augneblinken eg skriv.

Det herskar inga tvil om at det er ei global oppvarming me er vitne til. Alle målingar viser at det er ein samanheng mellom CO2 i atmosfæren og temperaturen på jorda. CO2-en i atmosfæren skaper ei større drivhuseffekt enn den naturlege. Det vil seie at sollyset kjem inn til jorda, men mindre av det blir sluppe ut igjen. Klimaet blir varmare, isen smeltar og havnivået stig. Spørsmålet er om denne endringa er menneskeskapt, og i så fall i kor stor grad.

Eit av argumenta mot å gjere noko med den globale oppvarminga er påstanden om at menneska berre står bak ein liten del av mengda CO2 i atmosfæren. Dette har ei rekkje viktige forskarar med D. M. Etheridge i spissen tilbakevist. Dei meiner å ha dokumentert at 27 % av mengda CO2 i atmosfæren kjem frå utslepp skapt av menneska. Dessutan er det bevist at den ekstra CO2-en frå menneska er med på å øydeleggje det naturlege karbonkretslaupet, som inneber at det naturlege utsleppet frå dyr og natur blir absorbert av tre og planter. Andre påstandar som at det har vore varmt før, og at klimaet er i stadig endring er sanne nok. Problemet er at me hjelper til med klimaendringane, og konsekvensane av dette i dag er så enorme at me nesten ikkje kan forstå det. Innan 2050 vil halve jordas befolkning vere utan drikkevatn dersom me ikkje gjer noko. Nettopp derfor me setje i gong tiltak.

Forskarar seier at me må leggja om vår grunnleggjande livsstil, og då må me låne øyre til dei. Vegar og tunnelar må ikkje byggast ut meir, for er det ein ting vegforskarar (!) er einige om, så er det at betre tilgang på veg gir meir biltrafikk, og dermed òg større CO2-utslepp.

Ein må satse på kollektivtransport og miljøvenleg tilrettelegging, for som Miljøpartiet Dei Grøne skriv i sitt partiprogram: Vegen inn i framtida går på skinner. Den kjem til å gå på skinner dersom me alle står saman og gjer noko no, og ikkje ventar til framtida står der og skinnene framleis ikkje er bygd!

September 17, 2008

Flau musikk

Du møter nye menneske, blir spurt om kva musikk du liker. Kva svarer du då? Det er eit stort sannsyn for at du held tilbake enkelte artistar du høyrer på, du veit ikkje kva dei andre vil seie. Det er liksom enkelte artistar som er litt flaue å innrømme at ein liker. Korfor er det slik?

September 17, 2008

Ungdom med mål

Som nokre veit er eg samnorsking i hjarta, nynorsking på trass. Nå har eg derfor meldt meg ut av målungdommen, grunna dette sitatet i tufta deira:

Norsk Målungdom ynskjer ikkje ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål, men ein oversynleg og fylgjestreng nynorsk som tek opp i seg dei samlande draga og det rike ordtilfanget i dei norske målføra. Dette inneber strid mot bokmål, samnorsk og anglonorsk.

Derfor er eg ikkje lenger med der. Det er eigentleg litt underleg at det ikkje finst ein organisasjon tilsvarande mållaget og riksmålsforbundet for samnorsk. Kanskje fordi ytterpunkta har ei større trang til å markere seg? Eigentleg er det faktisk eg som er lite radikal med samnorskstandpunktet mitt…

September 16, 2008

Tidsrekning

Ei fillesak får nok ein gong sjukeleg mykje merksemd, både frå media og kommentarfelt under artiklane deira. Denne gongen er det tidsrekning det handlar om. Den nye RLE-boka bruker ikkje før/etter Kristus som tidsrekning, men nemninga “før/etter vanlig tidsrekning”. Dette er sjølvsagt nok eit steg i “avkristninga av Norge”, “muslimsk invasjon”, verdas undergang og det som verre er…

At det går an å lage slik ei stor sak, av ei nemning i ei bok, forstår ikkje eg. Det er krig i verda, folkens! Det finst då viktigare ting enn dette!

September 15, 2008

Navnet

Bloggen min har gått gjennom eit navneskifte, og fått ny vevbunad. Eg kan dessutan informere om at eg har fått sansen for riksmål, og vil kanskje skrive litt på det målet òg i tida som kjem.

Namnet kjem frå to framandord. Pretensiøse betyr innbilske, persepsjonar betyr oppfatningar. Så kan du tygge litt på kva eg meiner med det.

September 15, 2008

Handel

Kjøp mindre, lev meir.

Eg snakkar ikkje om å ikkje kjøpe noko i det heile. Eg snakkar om å avgrense kjøpinga, komme fråtseriet til livs. Det betyr ikkje at ein ikkje kan kjøpe dei kleda ein har lyst på, det betyr at ein ikkje treng å ha seksti skopar.

Det meste ein kan kjøpe i butikkar i dag kjem frå arbeidarar på slaveløn, eller kanskje utan løn i det heile. Kjøper ein då masse, ja, fråtsar ein; då støttar ein denne industrien. Ein industri som undertrykker arbeidarane, med leiarar som tar ut løn, bonus og opsjonar i milliardklassen.

Derfor bør ein kanskje tenke seg om ein ekstra gong om ein faktisk treng kjøpe produktet, og kanskje… la vere?

September 8, 2008

Tysk

Eg sit her i ein time, og skriv tysk. Det kjennest så meiningslaust.

August 30, 2008

Norsk, rett og slett

Eg har fått litt tyn for mitt standpunkt om samnorsk, eller berre norsk, som eg liker å kalle det. Derfor skal eg no fortelle koss eg ser for meg det framtidige språket norsk, som samlar nynorsk og bokmål.

Dette blir, som sagt, ei samansmelting av nynorsk og bokmål, men ikkje på same måten som samnorsken søkte på 1960-talet. Forskjellen er at det i dette språket er masse valfridom, og mykje som er lov. Når eg fortel om dette bryt mange inn med at valfridom ikkje er bra. Kvifor ikkje? Dei som seier jeg, kan halde fram med å skrive jeg. Dei som seier eg, kan halde fram med å skrive eg, så lenge ein er konsekvent. Dette er òg bra for somme dialektar, som ligg nær både nynorsk og bokmål. I Sauda, til dømes, seier dei eg og ikke. I Sandnes/Stavanger seier folk eg, men seier vært i staden for vore. Med dette skriftspråket vil det vere lov å skriv det, så lenge ein skriv det konsekvent.

Men kvifor kan ein ikkje berre halde på nynorsk og bokmål som to forskjellige språk? Fordi bokmål stadig nærmar seg nynorsk (fremtiden - framtiden - framtida, sprog - språk, o.l.) og motsett (fyrr - før, tyder - betyr), og fordi dei fleste talemåla passar med begge skriftspråka. No er dessutan dei to språka så nære kvarandre, at dei nesten kan karakteriserast som to variantar av det sama skriftspråket. Då er det berre å ta steget ut, med masse valfridom. Skal nynorsken halde seg konservativ for å unngå blanding med bokmålet, blir det eit elitespråk (noko det til ein viss grad er den dag i dag), og vil etter kvart dø ut.

For å oppsummere. Dersom ein skriv nynorsk i dag, vil ein kunne halde fram med det. Dersom ein skriv bokmål i dag vil ein kunne halde fram med det. Berre det at det heiter norsk, og ein kan velge kva variant av norsk ein vil skrive. Dessutan kjem skriftspråket til å ligge mykje meir opp til talemålet hjå folk, då ein kan velge dei formene som passar dialekta si. Høyres ikkje det fantastisk ut?

August 12, 2008

Bibelen 2

Nei, dette er ikkje ein oppfølgjarpost til ein tidlegare post om Bibelen. Nei, denne posten handlar om boka Bibelen 2 av ingen ringare enn Are Kalvø, min favorittforfattar/humorist/artikkelskribent/o.l. Nei, denne posten er heller ikkje lang. Den er berre ei tilråding. Den let slik: Les den boka no (eventuelt høyr lydboka som eg gjorde), ho er fantastisk morosam!

Den er som tittelen seier ei oppfølgjing av Bibelen. Jesus kjem attende til jorda, og då kjem han sjølvsagt til eit hotell på Lørenskog. Kor elles? Vidare utviklar det seg, med portrettintervju av Jesus i aviser, ny disiplar, motstandargrupper (Kristne mot Kristus!) og generelt alt det som ville skjedd om Jesus faktisk kom attende til vårt moderne samfunn.

Satire på sitt aller beste!

July 5, 2008

Frp og Høyre

Denne vevloggen har blitt svært så sporadisk i det siste, og vil nok truleg vere det også i framtida, men postar, det kjem det til å koma!

No har eg ein spådom på hjarta. Den lyder som følgjer: Ved neste val kjem Frp og Høyre til makta i ei samarbeidsregjering med berre desse to partia. Frp er det største partiet i landet.

Dessverre. Så får me sjå om eg har rett om eit års tid.

June 14, 2008

Bringebær

Bringebær er godt.

Bringebær

June 2, 2008

EU

Eg er i skrivemodus no, etter ein kjekk dag ute i skog og fri natur med klassen.

Det eg no har på hjartet heng saman med eit utsegn eg høyrde nett no. Det lét slik:

“Det er egoistisk av Noreg å ikkje melda seg inn i EU.”

Eg vil gjerne svare:

Det finst fire svært gode grunnar til ikkje å melde seg inn i EU. Eg saksar frå sidene til “Nei til EU”:

1 Folkestyre

Ønsket om et levende demokrati var den viktigste grunnen til at folk i Norge stemte nei i 1994. Siden den gang har EUs demokratiske problemer økt. Myndighet over stadig nye områder overføres fra nasjonalstatene til EU, og innbyggerne i EU har liten oversikt over hva som skjer bak de lukkete dørene i Brussel. I 2004 stemte bare 45,6 prosent av velgerne ved valget til EU-parlamentet. Hensynet til folkestyre er fremdeles et viktig argument mot norsk EU-medlemskap. Utenfor EU kan vi ha et folkestyre hvor folk deltar, og politikerne står til ansvar for velgerne.

2 Solidaritet

I Verdens Handelsorganisasjon (WTO) er EU en pådriver for at verdens fattige land skal tillate multinasjonale selskaper å etablere seg. Det betyr i praksis at u-landene hindres i å bygge opp egne velferdssamfunn og egen produksjon. Fra 1989 til 2000 sank andelen av EUs u-hjelp til Afrika fra 60 til 25 prosent. Støtten vris mot Balkan og middelhavsområdet. Som betingelse for bistanden kreves liberalisering og privatisering. EUs opptreden overfor verdens fattige betyr at Norge fortsatt bør stå utenfor unionen. Utenfor EU kan vi føre en solidarisk handels- og bistandspolitikk overfor den fattige delen av verden.

3 Miljø

EU løser ikke miljøproblemene. EUs ønske om økt økonomisk vekst, gjennom økt forbruk fører til sentralisering og stordrift. Det leder til overbruk av ressurser, økt transport og forurensning. EU er for lite for de store, globale miljøproblemene, og for stort for de lokale miljøproblemene. Miljø er et viktig nei-argument. Utenfor EU kan vi fremme miljø og utvikling i internasjonale organer som FN, der EU tenker fri flyt.

4 Handlefrihet

EU har de siste årene i stadig større grad samordnet sin utenrikspolitikk og snakker oftere og oftere med en stemme i viktige internasjonale fora som FN. En undersøkelse fra 2002 viser at Sverige har endret sin stemmegivning i FN etter at landet ble EU-medlem. Tidligere stemte Sverige like ofte med land fra sør som fra nord i saker med konflikt lang disse skillelinjene. Etter at Sverige ble EU-medlem stemmer landet nesten aldri med sør. At EU i økende grad ensretter sin utenrikspolitikk er et viktig argument mot norsk medlemskap. Utenfor EU kan Norge føre en selvstendig utenrikspolitikk.

Å ikkje bli med i EU er absolutt ikkje egoistisk. Eit organ som står for sentralisering av makt og konstant aukande vekst er ikkje mykje til bate for fattige som lev i små kår. Dersom me vil ta tak i fattigdomsproblema er det mykje me kan gjere, heilt enkelt. Å melde seg inn i EU er ikkje ein av desse tinga.