Min vidtfemnande heim på verdsveven

Det amerikanske presidentvalet

Posted in Politikk by mhaug on January 10th, 2008

Ja, no nærmar det seg val i dei forente statane igjen. Som kjend er båe dei demokratiska og dei republikanske så langt ute på høgre side at dei så og seie er i grøfta. Den ideelle kanditaten hadde vore frå The Green Party eller frå The Socialist Party. Men skal ein tenkje realistisk må ein nok velge anten ein demokratisk eller ein republikansk kanditat. Ein republikansk er utelukka av sjølvsagte grunnar.

Kven av demokratane ville vere best? Av kandidatane er det Barack Obama, John Edwards og Hillary Clinton som er toppkandidatane. Som signaleffekt hadde båe ein afroamerikanar og ei kvinne vore bra. Hillary Clinton har desverre mange synspunkter eg ikkje er einig med. Til dømes er ho for dødsstraff, eit fritt kapitalistisk marked og opnar for “militærbruk” mot Iran. Obama er noko betre, men han har desverre også nokre synspunkt eg ikkje er einig med.

Eg er mest einig med John Edwards sine synspunkt. Han vil trekke tilbake styrkane i Irak så snart som råd er, tar miljøtruingne på alvor, vil utrydde fattigdom i USA og snakkar dei fattige si sak.

Likevel. Det ideelle hadde vore ein kanditat frå eit anna parti enn dei to gigantane. Som om det ville skjedd…

Helsing frå Martin

Tagged with:

3 Responses to 'Det amerikanske presidentvalet'

Subscribe to comments with RSS or TrackBack to 'Det amerikanske presidentvalet'.

  1. Hildrande du said, on February 1st, 2008 at 7:47 pm

    Utruleg bra skrive, men eg saknar; samd!

    Hillary Clinton har desverre mange synspunkter eg ikkje er einig med.

    Kva med:

    Hillary Clinton har desverre mange synspunkter eg ikkje er samd i.

    Hehe :P

  2. mhaug said, on February 1st, 2008 at 7:56 pm

    Samd er eit flott ord. Einig i at det burde kome inn der.

  3. mhaug said, on February 1st, 2008 at 7:56 pm

    Nei, nei! Eg er SAMD i at det burde vore inni der :-)

Leave a Reply