Ja, no er de vel spente! Kan oppfølgjaren leve opp til dei store forventingane?
No er det skjedd saker og ting over dammen. John Edwards har trukke seg frå presidentraset, og i morges blei det kjend at Guliani også har trukke seg, sjølv om det med Guliani ikkje det har mykje å seie grunna hans val av parti. At Edwards trakk seg var ikkje overraskande. Det måtte nok kome, med to så sterke kanditatar som Obama og Clinton. Begge dei skil seg ut, og får svært mykje merksemd grunna hudfarge og kjønn. Edwards er ein middelaldrande, vanlig presidentkanditat, som USA har hatt mange av før. Så sjølv om han har mange bra saker, og relativt radikale i amerikansk forstand, blei han vel truleg for kjedeleg for den jevne amerikaner. I USA har det dessutan utstråling meir å seie enn i noko anna land, og då er det vel ikkje vanskeleg å forstå kvifor ein har desse to presidentkanditane frå demokratane.
No er det berre å håpe på at det ikkje blir Hillary, men Obama, og at det vidare blir han i staden for den republikanske kandidaten. No som Guliani har trukke seg er det ingen av republikanarane som tar astand frå bruk av tortur i avhøyr. Det skulle ikkje vore lov! Amerikanarane som kjempar for menneskerettar (ved hjelp av krig) bryt dei sjølv i stor skala.
La oss håpe at den supre tysdagen i neste veke er første steg på vegen mot ein betre stad for amerikanarane, sivilbefolkinga i Irak og eit levbart klima for heile verdas befolking.
2 Comments
January 31, 2008 at 8:22 pm
virker som om det går i politikk og busser her i gården
February 1, 2008 at 6:43 am
Jadå, kanskje eg burde skrive om noko anna?
Neeeei, fins ikkje noko viktigare!
Leave a Reply