Dette er eit utruleg irriterande fenomen, som naturfaglærarar ser ut til å vere så glade i. Etter å ha hatt forsøk og diverse i hytt og pine kjem no snart den dagen der me skal levera inn heftet, med alle desse flotte elevøvingane. Det er då dette startar å bli irriterande. For kor i alle dagar er notata eg tok? Hæ, var det og eit forsøk? Eg får heller ingenting utav dette. Forsøka i seg sjølv er greie nok, men når ein har vist to gonger at ein kan skrive rapportar, blir det berre arbeid og inga nytte utav endå fleire forsøksrapportar.
April 13, 2008...7:12 am
Elevøvingar
Jump to Comments
5 Comments
April 14, 2008 at 5:35 pm
Ja eg veit! Eg har berre 2 forsøk i orden trur eg, knappast nok det. Eg føler på meg at det nærar seg eit forsøksmaraton, men eg trur eg kan utsettje det enda ei lita stund. (legg merkje til at eg skriv nynorsk, sidan det her er ein nynorsklogg)
Kanskje me skulle arrangere eit felles forsøksmaraton for heile trinnet? Merk, me måtte sikert ha leiga lokale, det er nok få som ikkje treng det. Eg bakar!
April 14, 2008 at 5:45 pm
Så bra, eit sers godt forslag, men no byrjar eg å få kontroll over dei forskjellige elevøvingane, så det er jo bra.
April 15, 2008 at 5:15 pm
Nå er vel du den einaste, så det vill vera uklokt av deg å gå imot den nasjonale (luniale) forsøksmaratontrenden… Pass deg så ikkje nokon går forbi deg i ei mørk bakgate.
April 15, 2008 at 5:23 pm
Huff, ja. Eg manglar framleis fleire av forsøksføringane frå Terje si undervisning. Eg må verkeleg seia at eg ikkje syns noko vidare om desse forsøksføringane, eg heller.
Og medan blågging no vart nemd: eg ser fram til å posta nye innlegg i nærare framtid, men slik stoda er for ageblinken, kan eg ikkje setja av tid til slikt. No er det MDD-loggen som står øvst på lista. Joho!
April 16, 2008 at 6:29 pm
Eg gler meg til nye innlegg både frå Jon og Kristina sine vevloggar. Og eg takkar for at de tek dykk tid til å kommentere på min.
(Eg har no levert inn heftet)
Leave a Reply