Oslo
Då har eg etter ei lang dags ferd kome fram til hovudstaden i landet vårt, Oslo. Grunnen til at det tok tid var at me nytta det fantastiske kollektive transportmiddelet kalla tog. Me hadde bestilt NSB Komfort, eit genialt konsept som tilbyr ekstra gode seter (tilbakelening!), gratis te og kaffi (så mykje ein vil) og dagens avis (VG, desverre). Dette kom godt til nytte, då åtte timar i eit sete er lang tid. Likevel gjekk det svært bra, og eg koste meg gjennom heile reisa, kollektivtransport er alltid like kjekt! Etter å ha åte middag på Egon restaurant og gått litt i gatane, har me no tatt inn på Hotell Bondeheimen, eit hotell med nynorsk som språk, fantastisk! Kven kjenner seg vel ikkje heime når du blir møtt med: “Me ønskjer deg eit triveleg opphald i hotellet vårt”? Då er det berre å glede seg til konserten i morgon, håpar det blir nokre Dire Straits-låtar på han Mark Knopfler!