June 2, 2008...2:51 pm

PROTESTAKSJON MOT BENSINPRISER

Jump to Comments

Her er saka:

Ein mann tenker at bensinprisane er for høge. Han startar ei gruppe kalla “PROTESTAKSJON MOT BENSINPRISER”. No har gruppa over 100 000 medlemar. Korleis kunne noko slikt skje?

“Jo, det er enkelt”, svarar du. “Mange synes at bensinprisane er for høge.”

Men kvifor er dei då med i denne gruppa? Denne gruppa proklamerar klårt og tydeleg i overskrifta at dei protesterer mot bensinprisar, ikkje høge bensinprisar. Og då endrar nemleg alt seg. For kva ser desse hundre tusen medlemane for seg at skal vere alternativet til bensinprisar? Starta med byttehandel igjen? Vil dei at bensinen skal bli gratis? Eller vil dei rett og slett ikkje vite kva dei betalar, berre betale?

Ikkje godt å seie.

Dessutan kan ein jo lese på vevsidene til Aftenposten at me har dei nest billigaste bensinprisane i Europa.

Eg får ta eit godt lokalt utrykk: Eg blir så øvejidde!

Leave a Reply